Video på nettet - YouTube er vel kjent for dei fleste? Her kan ein laste opp videoar ein har laga sjølv, eller sjå andre sine videoar. Ein kan enkelt lage ei lenke på eigen nettstad slik at videoen kan visast direkte der. Denne funksjonen heiter embed. Ved å opprette konto på YouTube kan ein bokmerke favorittvideoane sine.
I tillegg til på YouTube finn ein videoar på desse nettsidene:
- Yahoo videos
- Google videos
- Vimeo
- Sol Klipps
- Dagbladet blink
(og mange andre)
Sjølv brukar eg YouTube mest, men har vore innom andre også av og til.
Denne videoen likar eg godt, ein ny og artig versjon av songen "Umbrella"... :-)
For å finne denne søkte eg på "The baseballs" på YouTube etter først å ha logga meg inn. Så fann eg "embed" på høgre side, kopierte den og limte den inn i bloggen min. For at videobiletet skulle passe inn på sida mi måtte eg endre litt på størrelsen i forhold til dei formata som låg tilgjengeleg. Det gjorde eg ved å endre tala i html-koda som eg limte inn i bloggen min. Enkelt og greit, no har eg lært noko nytt!
Biblioteket kan kanskje gjere tilsvarande på si heimeside, legge ut (med løyve?) eigne eller andre sine videoar frå arrangement e.l.? Muleg er det no i alle fall!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja, absolutt! Fleire bibliotek burde prøve ut fleire kanalar å presentere seg gjennom!
SvarSlettDa er også Ting 9 i boks!
Hilde :-)