11. jan. 2010

Ting 7

Ting 7 handlar om Wiki, som er eit webvertøy som gir høve til å redigere nettsider direkte i nettlesaren. Alle brukarar kan redigere til ei kvar tid, så sant ikkje wikien har restriksjonar på tilgang. Med wiki kan ein bygge opp eit fellesarkiv ved å samarbeide med andre. Der er ingen overordna kontrollinstans, wiki er sjølvorganiserande. På 23 ting-bloggen står det ramsa opp fordelar med wiki:

Frå før av kjenner eg til Wikipedia, som er den største og mest kjende wikien.
For å lære meir har eg sett på denne filmen på YouTube. Eigentleg ganske underhaldande, og ikkje minst enkelt forklart. Spørsmålet er no å finne på noko kjekt å bruke dette til.
Wikipedia si side om Wiki står det mellom anna at nokre wikiar har eit brukargrensesnitt som liknar på det dei vanlege skriveprogramma har, slik som MS Word og Powerpoint. Det er med på å gjere Wiki til noko som er enkelt å bruke. Sjølve ordet "wiki" er hawaiisk og tyder "kjapp".

Konseptet stammar frå Ward Cunningham, og her kan du lese hans skildring om kva wiki er.

Døme på ein måte å bruke wiki på kan du lese her, ein Wikipediadiskusjon om Palestina.

Eg har no prøvd å publisere i ein wiki sjølv, og det er veldig enkelt. Ser absolutt nytteverdien av wiki, men veit ikkje kva eg sjølv kan bruke det til her og no. Likevel, det er greit å ha lært om det, slik at verktøyet er lettare tilgjengeleg for bruk ved seinare høve. Biblioteket kan evt. bruke wiki til bokmeldingar slik som Princeton Public Library gjer.

Eg skreiv eit lite innlegg på kurswikien om ei bok eg nettopp har lest, "Isprinsessen" av Camilla Läckberg.

1 kommentar:

  1. Innlegget på wikien er lest og Ting 7 er merka av på framdriftsplanen!

    Hilde :-)

    SvarSlett