26. feb. 2010

Ting 14

Personlege sider er temaet her. Det er rett og slett å lage si eiga startside, der ein samlar informasjon ein sjølv vil sjå med ein gong ein er på nett i staden for sider som t.d. http://www.startsida.no/ . Eg har tidlegare sett litt på Google sin versjon av denne tenesta, iGoogle. Det er ei teneste eg likar godt. Brukarvennleg og fin, funksjonell og nyttig. Ein kan legge inn artige saker som Hangman og topp 10-lista til iTunes. :-) Eg har lagt inn dei to elementa, samt Facebooktilgang og YouTubeSearch. Praktisk å sjå facebookprofilen sin på startsida mi, så slepp eg å logge meg inn der seinare. Eg har ordna elementa på sida mi på ein måte eg likar. 
Tema har eg og valgt, så det er fine fargar på sida mi! Fargane endrar seg etter når det er på døgnet.
Personifisering er et nøkkelord for denne typen av tjenester. Du starter opp med noen basistjenester som noen utvalgte norske aviser og legger til de tjenestene du måtte ønske deg. 
(Sitat henta frå kurssida, klikk på sitatet og du kjem direkte dit.)

Netvibes er eit alternativ til Google, men eg er så fornøgd med iGoogle at eg ikkje er interessert i å bruke noko anna no.
Dette var nyttig å lære! Eg har som sagt snust litt på tenesta før, men aldri tatt meg tid til å sjå skikkeleg på det før no. iGoogle er noko eg verkeleg ser nytteverdien av.

Ting 14 er då i boks, og verda går framover;-)

Ting 13




Denne "tingen" handlar om eigendefinerte søkemotorar. Rollyo er nettsida for dette, og fungerar slik at du kan søke på eit tema på fleire nettstadar samtidig. Ein stiller inn kvar det skal søkast, og ein kan dele søka sine med andre. Akkurat er Rollyosida nede for vedlikehald, så eg får ikkje sett meir på den.

Ei liknande teneste er Google Custom Search.
Eg har laga min eigen søkemotor som eg no har lagt inn på bloggen min. I min søkemotor kan ein finne tak i kva som skjer i Ørsta og Volda, konsertar og liknande.

Etter å ha kika litt på forskjellige nettsider som tilbyr liknande tenester har eg kome fram til at for min del er det Google som gjeld. Det er enkelt i bruk, og det vert færre "ting" å halde styr på. Google Custom Search trur eg kan fungere bra på heimesida til biblioteket, ein kan til dømes lage temasøk på lokalhistoriske ressursar i kommuna.

Og med det ser eg meg ferdig med ting 13.

19. feb. 2010

Ting 12

Sosiale bokmerke er noko eg ikkje har kjennskap til frå før. Det går ut på at ein kan bokmerke ei webside og legge til taggar (etikettar) for å kategorisere bokmerkene sine. Eit døme på ei slik teneste er Del.icio.us. Det vert kalla "sosiale bokmerker" fordi ein kan gå inn på andre sine bokmerker og sjå kva dei er interesserte i. Slik kan ein finne nye websider innan for tema ein vil lese om.

 

DinSide har ein brukbar guide til Del.icio.us.

Fordelar kort oppsummert:
- ein lagrar bokmerkene sine på nettet, og har dermed tilgang til dei frå alle datamaskiner med nettilgang.
- enkelt å bruke
- tusenvis av brukarar
- ein kan abonnere på tag'ar

"En av de beste funksjonene er imidlertid at du kan abonnere på tagger - er du veldig opptatt av alle lenker som har med foto å gjøre, legger du kanskje til "photography" under "subscriptions"-menyen, og vips, så får du opp alle lenker som tagges med "photography" etter hvert som de tikker inn. Du får også se hvor mange som har lagt dem til som favoritter før deg, slik at du raskt kan plukke ut de hotteste."
(henta frå DinSide)

Ein anna guide finn du her. (engelsk)

StumbleUpon er ei nettside som tilbyr at du kan søke opp sider basert på di interesse. Den lærer seg dine preferansar og kjem opp med nettsider som du kan like.

Eg ser nokre fordelar med å bruke dette i biblioteket, men slik eg ser det no er det for tidkrevjande å kome i gang med. Om det vert brukt på ein logisk og bra måte kan det vere ein ressurs, ein slags portal for alle slags tema ein kan ha nytte av rask tilgang på.