(logoen fann eg på kurssida)
Det er enkelt å legge inn bøker, ein skriv inn tittel og så blir boka søkt fram. Unngå æ, ø og å - elles kan det fort bli litt trøbbel. Bruk heller ISBN til å søke opp boka.
Slik eg ser det er dette ei spennande teneste, der ein i tillegg til å halde oversikta over eigen leseaktivitet kan finne tips frå andre sine leselister.
Nyttige lenker om du vil vite meir om LibraryThing:
Om LibraryThing
Virtuell tur i LibraryThing - flott innføring i korleis LibraryThing er.
Ved å klikke på "chicleten" under her kjem du til mi LibraryThing side. (Katalogen min)

Eg har meldt meg inn i gruppa "Litteratur på norsk".
Det kom i 2009 ei norsk teneste som liknar på LibraryThing, Bokelskere.
Den ser fin ut, eg vurderar å bruke Bokelskere i staden for LibraryThing. Å bruke begge ser eg ikkje poenget med, det blir dessutan for tidkrevjande for min del.
Og med det er Ting 11 i boks!

No har eg søkt deg opp og invitert deg til å bli venn på LibraryThing :-) Men eg heller óg mest over mot Bokelskere - eg synest det er lettare å kommunisere på norsk...
SvarSlettTing 11 i boks! Hald fram som du stevner! Eg kikker innom bloggen din i ny og ne når eg får tid!
Hilde :-)