30. apr. 2010

Ting 18

Ting 18 handlar om webapplikasjonar - lag og del dine dokument på webben. Eg kjenner litt til dette frå før av, har brukt Google Docs i fleire samanhenger. Eg ser heilt klart fordelar med slike tenester, det gjer det enklare å samarbeide via nett. På biblioteket der eg jobbar har vi mellom anna oppretta eit Google dokument med katalogiseringshjelp, slik at vi kan slå opp der når det er noko vi har gløymt. Dokumentet er stadig i endring, etterkvart som nye tema oppstår.

En stor fordel med slike webbaserte applikasjoner er at de eliminerer problemene rundt ulike software versjoner eller filtyper, ettersom du sender dokumentene med epost eller beveger deg fra PC til PC. En annen fordel er at man veldig enkelt kan jobbe i samme dokumentet (med versjonskontroll) og lagre dokumentene i ulike filformater som HTML og pdf.  (Henta frå kurssida)
Zoho Writer har eg aldri sett før. Men det liknar på Google Docs, og har verkar brukarvenleg. Ein kan logge seg inn med m.a. Google-kontoen sin, og det ser eg på som praktisk - med tanke på å sleppe å ha så mange forskjellige brukarnamn/kontoar rundt om kring på nettet. Når ein loggar seg inn i Zoho Writer kjem ein til ei side som liknar mykje på eit Word-dokument. I dokumentet som syner er det brukarrettleiing. (På engelsk)
Oppgåva til denne "tingen" var å lage eit dokument i Zoho Writer, og så poste det som blogginnlegg. Dette innlegget er posta ifrå Zoho Writer, og det var i grunnen enkelt.

22. apr. 2010

Ting 17

Ting 17 handlar om Origo - norskutvikla møtestad for debatt og samarbeid.
Ein kan registrere seg og nytte denne tenesta gratis. På sida di kan du samle vener og familie og dele bilete, samtalar og planar med dei. På Origo kan ein opprette eigne soner, som fungerar som eit eige nettsamfunn med fleire funksjonar. Døme på nyttige soner å opprette kan vere for foreldregruppa i barnehagen, medlemmar i eit kor, studiering m.m.


 
Illustrasjonen fann eg her.

Hva er en Origo-sone?



En Origo-sone er et nettsted hvor Origo-medlemmer kan blogge, dele bilder, legge ut arrangementer og dele bokmerker.
Origo-medlemmer kan opprette og melde seg inn i så mange soner de ønsker. Hver sone er et møtested for folk med felles interesser, og de kan plasseres på kartet. Les mer om hvordan du kan skape gode samtaler på Origo.
Soner kan være åpne, delvis åpne eller lukkede. Les mer om hvordan du kan bruke Origo til samarbeid.
Vertene i en sone kan selv bestemme hvordan sonens skal se ut visuelt. Les mer om hvordan du kan lage fine nettsteder.
Blogger du på Origo, har vi gjort det enkelt for deg å få oppmerksomhet om innholdet ditt. Les mer om hvordan du kan bli hørt.
(Henta frå Origo-nettsida.)

Eg har registrert meg og laga ei privat sone, ein side for familien min. Dette verkar veldig greitt å bruke, så eg kjem til å utforske tenesta vidare.
Og med det er Ting 17 ferdig! :-)

19. apr. 2010

Ting 16

Ting 16 handlar om Mashups.

En mashup er en nettside eller webapplikasjon som kombinerer innhold fra to eller flere kilder til en ny tjeneste. (Henta frå kurssida til 23 ting)
Det står eindel info (på engelsk) om mashups på wikipedia.
På nettsida Mashups awards kåra dei tidlegare den beste mashup kvar dag og kvar månad. Arkivet ligg der, men sjølve kåringa er det slutt på. Men på nettsida Mashup dashboard er det både kåring og nyhende.

Ein mashup eg finn interessant er Guerilla radio. Her kan ein få laga spelelister av artistar ein likar, ein nettradio som er litt lik Spotify. Men, når eg prøvar å søke opp ein artist, eller trykke på "grab a random one here", så virkar det ikkje...  Så eg får vente og prøve seinare.

LibraryThingThing er ein mashup som kombinerar Library Thing med biblioteka sine eigne onlinekatalogar. Det kan nok vere nyttig.

Når det gjeld å tenke ut ein mashup som hadde vore nyttig for meg så er eg heilt blank. Dette temaet har ikkje fenga meg, då eg ikkje heilt ser den store nytteverdien for min eigen del.
Eg anser meg som ferdig med Ting 16.

Ting 15

Ting 15 har eg sett fram til, det skal i denne omgang handle om leik med bilete. Eg likar veldig godt Picnic som tidlegare er omtalt.

BigHugeLabs er ei spennande nettside, og veldig artig å utforske!
Eg laga eit bilete der, meg sjølv i popartstil.



Ein kan lage postkort, plakatar eller personlege puslespel. Mange andre spennande funksjonar er der også. Det eksisterar fleire tenester som denne, og fellesnamn for dei er bildegeneratorar. Ein kan få kjøpt og tilsendt mellom anna koppar, kalenderar, magnetar, musematter og kort med eige motiv. Mange julegåveidear med andre ord!

Her er bilete av katten min Mia, før og etter manipulering på BigeHugeLabs...



Og med dette ser eg meg ferdig med ting 15. BigHugeLabs kjem eg til å halde fram med å bruke, spesielt til å lage fine bursdagskort og fotomontasjar.