15. jan. 2010

Ting 11

LibraryThing er din heilt eigne bokkatalog på nett. Du kan lage oversikt over bøker du eig, bøker du har lyst å eige, bøker du har lest eller vil lese. Som med dei fleste tenester så krev det at ein er registrert der, og så er det berre å logge seg inn. Norsk versjon av LibraryThing finn du her.

(logoen fann eg på kurssida)


Det er enkelt å legge inn bøker, ein skriv inn tittel og så blir boka søkt fram. Unngå æ, ø og å - elles kan det fort bli litt trøbbel. Bruk heller ISBN til å søke opp boka.


Slik eg ser det er dette ei spennande teneste, der ein i tillegg til å halde oversikta over eigen leseaktivitet kan finne tips frå andre sine leselister.

Nyttige lenker om du vil vite meir om LibraryThing:

Om LibraryThing
Virtuell tur i LibraryThing - flott innføring i korleis LibraryThing er.

Ved å klikke på "chicleten" under her kjem du til mi LibraryThing side. (Katalogen min)


Eg har meldt meg inn i gruppa "Litteratur på norsk".

Det kom i 2009 ei norsk teneste som liknar på LibraryThing, Bokelskere.
Den ser fin ut, eg vurderar å bruke Bokelskere i staden for LibraryThing. Å bruke begge ser eg ikkje poenget med, det blir dessutan for tidkrevjande for min del.

Og med det er Ting 11 i boks!

Ting 10

Ting 10 handlar om musikk, og dette temaet har eg sett fram til! Frå før av kjenner eg godt til Spotify, som eg er særs fornøgd med. Eg brukar gratis-versjonen av det, og det vil seie at eg må høyre små reklamesnuttar av og til. Det er litt kjedeleg, men det er vel slik det må vere. Heller ikkje kan eg laste ned musikken for t.d å kunne overføre den til min iPod eller mp3-spelar. Eg kan velje å oppgradere til betalings-Spotify. No kostar det 99 kr per månad, og om ein har rett sort telefon (t.d. iPhone) kan ein til og med få Spotifytilgang via mobiltelefonen sin. Det er noko eg sterkt vurderar.
Betalingsversjonen tillet at ein kan høyre på musikken også offline. Om ein absolutt vil laste ned musikken for t.d å brenne den over på ei cd-plate så kan ein kjøpe dei musikkspora ein ynskjer.
Men i hovudsak er Spotify som ein radio, berre at det er du sjølv som lagar innhaldet ved å søke opp musikk du har lyst å høyre. Dei gir deg dessutan tips i form av topplister og "What's new on Spotify".
For å få bruke gratisversjonen av Spotify så treng ein å bli invitert. Det har eg sett at mange brukar statusfeltet sitt på Facebook til, etterlyser invitasjon frå sine vener.



MySpace er:

* ein møteplass på nettet - del bilete, videoar og hald kontakt med vener og familie på nettet.
* ei presentasjonsside - du kan vise kven du er, laste opp din eigen musikk, eigen-PR. Brukt av mange musikarar og band.
* ein nettstad som har mange av dei same funksjonane som t.d Facebook, men som kanskje i større grad rettar seg mot folk som ynskjer å vise andre kva dei kan.
* kan samanliknast med å ha si eiga heimeside eller blogg
* gratis




Wimp er:

"Wimp er en streamingtjeneste og digital jukeboks som gir deg tilgang til enorme mengder musikk - alt fra punk og metal til soul og jazz - alt fra gamle klassikere til siste nytt. Det eneste du trenger å gjøre for å kunne spille av så mange låter du vil fra hele vårt musikkbibliotek, er å installere Wimp. Du trenger ikke tenke på hverken nedlasting eller lagring.

Hvis du i tillegg ønsker å ta med deg musikk på din MP3-spiller eller mobiltelefon kan du enkelt kjøpe musikk som MP3 filer for nedlasting direkte fra Wimp."
(Sitat henta frå nettsida til Wimp)

Som med Spotify treng ein å bli invitert for å kunne bruke Wimp. Ordet Wimp står for Wireless Music Player = trådlaus musikkavspelar. Eg trur Spotify og Wimp er veldig like tenester.



LastFM er ei teneste som let deg lytte til musikk i 30 sekund, for å høyre meir må ein betale. Tidlegare var dette gratis, men grunna nye reglar for betaling av royalties til artistane så forsvann denne tenesta. Pandora var også populært før, men er no berre tilgjengeleg for dei som er busette i USA.
Ein kan opprette ein prøvekonto på LastFM, der ein får spele av 30 songar før ein må betale. Eg brukar Spotify og meiner det er tilstrekkeleg, derfor lastar eg ikkje ned LastFM i denne omgang.

Felles for alle desse tenestene er at ein i staden for å laste ned musikken til sin PC heller streamar musikken direkte frå nettet. Då tek ikkje musikken opp plass på harddisken, alt er webbasert.

Anser meg som ferdig med Ting 10.

11. jan. 2010

Ting 9

Video på nettet -  YouTube er vel kjent for dei fleste? Her kan ein laste opp videoar ein har laga sjølv, eller sjå andre sine videoar. Ein kan enkelt lage ei lenke på eigen nettstad slik at videoen kan visast direkte der. Denne funksjonen heiter embed. Ved å opprette konto på YouTube kan ein bokmerke favorittvideoane sine.

I tillegg til på YouTube finn ein videoar på desse nettsidene:

- Yahoo videos
- Google videos
- Vimeo
- Sol Klipps
- Dagbladet blink

(og mange andre)

Sjølv brukar eg YouTube mest, men har vore innom andre også av og til.
Denne videoen likar eg godt, ein ny og artig versjon av songen "Umbrella"... :-)



For å finne denne søkte eg på "The baseballs" på YouTube etter først å ha logga meg inn. Så fann eg "embed" på høgre side, kopierte den og limte den inn i bloggen min. For at videobiletet skulle passe inn på sida mi måtte eg endre litt på størrelsen i forhold til dei formata som låg tilgjengeleg. Det gjorde eg ved å endre tala i html-koda som eg limte inn i bloggen min. Enkelt og greit, no har eg lært noko nytt!
Biblioteket kan kanskje gjere tilsvarande på si heimeside, legge ut (med løyve?) eigne eller andre sine videoar frå arrangement e.l.? Muleg er det no i alle fall!

Ting 8



Ting 8 handlar om Podkasting - lytt på internett og finn dine favorittprogram!
Podkast =
- ikkjemusikalske opptak eller videoopptak
- publisert på internett
- levert med RRS, sendt direkte til brukar som datafiler

Redaktører av New Oxford American Dictionary anerkjente "podkasting" som "årets ord 2005", og definerte begrepet som: "a digital recording of a radio broadcast or similar program, made available on the Internet for downloading to a personal audio player". 

(Utdrag frå kurssida til 23 ting om 2 null)

For å høyre ein podkast treng ein ikkje anna enn ein pc med høgtalarar eller hovudtelefonar. Eventuelt kan ein laste podkasten ned til iPod eller mp3-spelar.

Wikipedia kan ein lese meir om kva podkast er.
Kort fortalt står der at ein kan abonnere på podkastar, og mellom anna bruke programma Juice, iTunes og winamp til det.
For å høyre ein podkast kan ein altså bruke program som er på PC'en eller som ein kan laste ned på PC'en. Til dømes iTunes og Windows Media Player.
Men det er høve til å høyre podkast utan desse programma installert også, på desse oversiktene finn du det:

Podcaster
Podcast Alley

Utforsking av podkast er interessant. Eg brukte google og søkte på "podkast om bøker". Det kom eindel treff, det eg fann mest interessant var NRK sine bokprogram. Eg valde å abonnere på NRK1 - Bokprogrammet, og la den til i min bloglineskonto ved å gå inn på blogline, trykke på "add"-knappen og lime inn URL'en for podkasten.
Podkast er for meg ein måte å få høyrt radioprogram på når eg har tid til det. I biblioteksamaheng trur eg nok det hadde vore kjekt å lage podkastar med bokomtalar eller opptak frå arrangement på biblioteket. Men realistisk sett så trur eg det er for tidkrevjande for mange bibliotek å prioritere det. Ein kunne kanskje heller invitere t.d. mediastudentar til å lage podkastar om biblioteket, vere tilstades på arrangement osv... Men kor det kunne ha blitt publisert for å ha nokon verdi veit eg ikkje. Berre tankespinn.

Tenkjer på at podkastar på ein mp3-spelar eller iPod kan vere kjekt å ha med på ferieturar med barn, i tillegg til lydbøker og anna underhaldning? Sjekk desse barnesidene om du vil sjå eit døme på kva NRK kan tilby av podkastar til barn.


(illustrasjon henta frå NRK)

Ting 7

Ting 7 handlar om Wiki, som er eit webvertøy som gir høve til å redigere nettsider direkte i nettlesaren. Alle brukarar kan redigere til ei kvar tid, så sant ikkje wikien har restriksjonar på tilgang. Med wiki kan ein bygge opp eit fellesarkiv ved å samarbeide med andre. Der er ingen overordna kontrollinstans, wiki er sjølvorganiserande. På 23 ting-bloggen står det ramsa opp fordelar med wiki:

Frå før av kjenner eg til Wikipedia, som er den største og mest kjende wikien.
For å lære meir har eg sett på denne filmen på YouTube. Eigentleg ganske underhaldande, og ikkje minst enkelt forklart. Spørsmålet er no å finne på noko kjekt å bruke dette til.
Wikipedia si side om Wiki står det mellom anna at nokre wikiar har eit brukargrensesnitt som liknar på det dei vanlege skriveprogramma har, slik som MS Word og Powerpoint. Det er med på å gjere Wiki til noko som er enkelt å bruke. Sjølve ordet "wiki" er hawaiisk og tyder "kjapp".

Konseptet stammar frå Ward Cunningham, og her kan du lese hans skildring om kva wiki er.

Døme på ein måte å bruke wiki på kan du lese her, ein Wikipediadiskusjon om Palestina.

Eg har no prøvd å publisere i ein wiki sjølv, og det er veldig enkelt. Ser absolutt nytteverdien av wiki, men veit ikkje kva eg sjølv kan bruke det til her og no. Likevel, det er greit å ha lært om det, slik at verktøyet er lettare tilgjengeleg for bruk ved seinare høve. Biblioteket kan evt. bruke wiki til bokmeldingar slik som Princeton Public Library gjer.

Eg skreiv eit lite innlegg på kurswikien om ei bok eg nettopp har lest, "Isprinsessen" av Camilla Läckberg.