7. nov. 2009

Ting 6

Ting 6 handlar om vennestadar. Det er eit emne eg kjenner godt til frå før av. Eg har brukt facebook lenge, og brukar det for å halde kontakt med vennar og familie eg ikkje snakkar med dagleg. Det er litt artig å kunne bruke facebook til å invitere folk til konsertar o.l, det fungerar som ein effektiv jungeltelegraf.

I tillegg til facebook er der m.a. Twitter og MySpace. Felles for desse nettstadane er at dei er brukarstyrte vennestadar som ved brukarane sin aktivitet veks og utviklar seg. Dette er sosiale tenester for nettverksskaping, og ein bestemmer sjølv kven ein vil ha som "venn" i nettverket sitt. Ein kan også sjå kven vennane sine vennar er... Tenestene krev at ein har ein personleg profil, og ein kan laste opp bilete og gi informasjon om seg sjølv etter eige ynskje. I tillegg kan ein gjere ting som å lage seg ein blogg, laste opp musikk og film.



Twitter betyr fuglekvitter... :-)
Illustrasjonen fann eg her.

Av desse tre nettstadane som eg har nemnt er det visstnok MySpace som er mest populært. Eg har kika litt på det, men vil ikkje verte brukar av denne tenesta no. Twitter vil eg teste, så eg har meldt meg inn med epostadressa jannesang(a)gmail.com om nokon har lyst å søke meg opp og få meg på kontaktlista si. Ikkje mange av mine kontakter var der frå før av, men nokre fann eg!

Eg har lest om personvern, og må seie at det er ikkje slett alt eg har tenkt over av dette før. Men eg er rimeleg trygg på at eg likevel har brukt sunn fornuft på nettet. Ein ting eg merka meg med spesielt har eg ikkje visst om frå før av, at om ein sender invitasjonar til f.eks facebook til andre via epost så vert deira epostadresse lagra av nettstaden dei er inviterte til å bli brukar av. Skal tru om dette også gjeld for alle slags nettkonkurranser der ein får fleire vinnarsjanser dersom ein får vennane sine til å bli med også? Skal tru om så dette genererar meir spam? 

Underskog er ein norsk nettstad med oversikt på kva som skjer av uteliv, oppdatert av brukarane sjølv.

Utforskingsoppgåva vår for Ting 6 er å opprette profil på facebook. Eg har det frå før av, med mange vener og opplasta profilbilete. No har eg i tillegg meldt meg inn i gruppa 23 ting om 2 null og posta eit innlegg der.
Eg har og ei privat gruppe eg har oppretta sjølv i facebook.
Og med det er eg no ferdig med Ting 6.

Ting 5

Dette blogginnlegget handlar om Ting 5: Bilder og tagger.
Med tagger kan ein sette ein merkelapp på forskjellig på nettet, t.d på bilete i Flickr, eit emneord eller stikkord som seier litt om det som blir merkt. Tagginga er heilt fri, ingen reglar... Ein skriv inn taggar etter assosiasjonar ein har.

Flickr er ein nettstad for bilete. Der kan ein legge inn sine eigne bilete og tagge dei, eller søke opp andre sine foto som er tilgjengelege. Om ein kiker på denne sida på Flickr får ein sjå kva for tags som er populære no. I dag såg eg at tag'en "snø" stod på Hot tags-lista... Eg klikka på det, og etter nokre sider med litt kjedelege døme fann eg dette flotte snøbiletet som Randi Hausken har fotografert:




Interessante bilete kan ein og finne tak i her.

Ein kan danne eller vere med i grupper som deler bilete.
"Groups are a way for people to come together around a common interest, be it a love of small dogs, a passion for food, a recent wedding, or an interest in exploring photographic techniques. And if you can’t find a group which interests you, it’s super-easy to start your own." (Henta frå "The Flickr Tour")

Eg har såvidt vore innom Flickr før, men kan ikkje så mykje om det frå før. Her kan du ta "the Flickr Tour" - lære meir om denne nett-tenesta. Det har eg gjort! I tillegg til det har eg registrert meg i Flickr, ved å opprette ein Yahoo-konto. Det vert eindel kontoar å halde styr på, men eg har eit godt system for lagring av brukarnamn og passord. Eg har lasta opp nokre foto til Flickr.

Her kan ein lese om korleis ein postar foto til bloggen sin.

Noko eg aldri har gjort er å editere mine bilete på nettet. Eg har gjort litt med enkle program på min eigen PC. Picnik er samarbeidspartner med Flickr, og er ein nettstad der ein gratis kan editere bileta sine. Det var jammen artig! Blir nok eindel timar på bruk av denne kjekke tenesta framover! Veldig brukarvenleg.

Her er resultatet av første forsøk:







Og med dette er eg ferdig med Ting 5!
Eit kjekt tema som eg vil ha mykje nytte av framover.

30. okt. 2009

Ting 4

Direkte kommunikasjon (Instant Messaging) har eg nytta meg mykje av tidlegare, i mindre grad no for tida.
Det betyr tekstbasert kommunikasjon over internett mellom to eller fleire personar, også kalla chat. Sidan chatting skjer der og då er det ein føresetnad at partane er pålogga samtidig. Eg har nytta meg av MSN og GTalk før, men har no oppretta MSN-konto på nytt med mi 23ting-adresse. (jannebib(a)gmail.com)

Skype har eg såvidt prøvd, det er kjekt å kunne prate gratis over internett og samstundes sjå den ein snakkar med på skjermen.
Maskina eg nyttar på jobb har Messenger installert. Ein kan og chatte via Web Messenger om ein brukar offentleg datamaskin.
I dag har eg chatta med Marte som sit under 5 meter i frå meg...så det er no prøvd i allefall! :-) Eg likar godt den nye versjonen av Messenger, litt meir "fancy" enn den versjonen som var då eg sist nytta MSN.
GTalk er også utprøvd.

Chatting er heilt ok, men ikkje noko eg gjer kvar dag. Eg skulle nok ha vore flinkare til å bruke Skype, men kjem ikkje på det så ofte. Eg har sansen for chattetenester som t.d. Biblioteksvar, og tenkjer at det er ei teneste eg kan tenkje meg å bruke meir framover. Dette står det om Biblioteksvar på 23 ting-bloggen:

"Biblioteksvar er en referansetjeneste hvor folk kan chatte med en bibliotekar, spørre om det de lurer på, og få svar direkte. Dette er en mye raskere måte å kommunisere på, og er et godt alternativ til telefonhenvendelser." 
Meebo er ein slags samleplass for mange chatteprogram. På 23-tingbloggen fann eg dette:

Eg har registrert meg i Meebo, men veit ikkje om eg finn det så nyttig for min del personleg. Men i biblioteksamanheng er det nok smart.
"Meebo er et nettsted hvor du kan bruke alle dine ulike IM-kontoer. Du lagrer alle brukernavnene dine hos Meebo, og trenger dermed bare huske ett brukernavn og passord for å logge deg på alle tjenestene på en gang. Logg deg inn her og prøv selv: http://www.meebo.com/"


Eg anser meg som ferdig med Ting 4! :-)
  

23. okt. 2009

Ting 3

I dag er det RRS og Atom som står på læreplanen. RSS står for “Really Simple Syndication”, og er eit filformat som gir deg høve til å abonnere på det du ynskjer av informasjon frå nettet. For å kunne motta ein RRS-feed må ein ha ein RSS-lesar. Ein kan installere eit program på pc'en sin, eller nytte ei webbasert løysing. Meir om RRS finn vi på Wikipedia.


"RSS (forkortelse for Rich Site Summary («sammendrag av nettinnhold»), Really Simple Syndication («enkel syndikering») eller RDF Site Summary («sammendrag fra RDF-sider»)), også kalt «levende bokmerker», er en ordning der en nettleser på en datamaskin henter nyheter eller annet materiale fra internett fortløpende og automatisk. RSS er en XML-dialekt basert på RDF (Resource Description Framework) som brukes for å videreformidle utdrag av innhold fra en nettside som oppdateres jevnlig (ofte en weblogg)."



Dette er symbolet på RRS.

Slik eg skjønar det så er Atom eigentleg berre ein annan "versjon" av RRS, ein annan måte å gjere det same på. Skal tru om det stemmer? På nettsider kan ein ofte velge mellom RRS og Atom.

Eg har sett på både Google Reader og Bloglines. Bloglines verkar mest oversiktleg, så eg vel den!

No har eg oppretta abonnement på nokre utvalde feedar. Det kjem til å bli fleire etterkvart, men eg vel å begrense det no i starten så eg får venne meg til å bruke det. Her er instruksjonen frå 23 ting-bloggen:

Hvordan abonnere på RSS-feeds – noen sikre måter:


"Når du skal abonnere på en rss-feed, må du enten finne lenken til rss-feeden, eller enda enklere du bare limer inn url'en til den nettsiden du ønsker en nyhetsstrøm fra. Bloglines eller Googel reader klarer nemlig selv å finne fram til RSSene på den enkelte nettside. Du kopierer adressen til nettsiden eller rss-lenken og limer den direkte inn i rss-leseren. Det virker hver gang, så prøv det i begynnelsen."
I Bloglines abonnerar eg mellom anna på ein bokblogg som heiter Bookhouse girls. Dette er ein fin blogg med mykje kjekt å lese om bøker.
No anser eg meg som ferdig med dette Ting 3, og kan konkludere med at det har vore nyttig info!


16. okt. 2009

Ting 1 og Ting 2

I dag har eg lest igjennom Ting 1 og Ting 2: Om web 2.0, programmet 23 ting og livslang læring samt om blogging.

Wikipedia har nyttig informasjon om Web 2.0.
"den nye generasjonen sosiale nettjenester som har blomstret opp de siste årene, og som avhenger av aktiv deltagelse fra brukerne for å kunne ekspandere. Her inngår alt fra blogger til wikier og sosiale nettverkstjenester."


På Wikipedia står det ein del interessant om blogg, mellom anna at mange brukar blogging som ei dagbok. Vidare kan ein lese at bloggar er inndelt i sjangrar, forfattarbloggar og strikkebloggar som døme. Eg har blogga og lest andre sine bloggar over lengre tid no, og finn stadig nye og interessante bloggar om tema eg likar å lese om.
         Fotoet fann eg her.

15. okt. 2009

Kursstart!


I dag er eg på Spjelkavik vidaregåande skule, det er første samling på kurset om 2.0. Vi har i dag lært å opprette og redigere vår eigen blogg, og det er kjekt. Eg har ein blogg frå før av, men det er fint å få høve til å utforske dette meir. :-)