Betalingsversjonen tillet at ein kan høyre på musikken også offline. Om ein absolutt vil laste ned musikken for t.d å brenne den over på ei cd-plate så kan ein kjøpe dei musikkspora ein ynskjer.
Men i hovudsak er Spotify som ein radio, berre at det er du sjølv som lagar innhaldet ved å søke opp musikk du har lyst å høyre. Dei gir deg dessutan tips i form av topplister og "What's new on Spotify".
For å få bruke gratisversjonen av Spotify så treng ein å bli invitert. Det har eg sett at mange brukar statusfeltet sitt på Facebook til, etterlyser invitasjon frå sine vener.
MySpace er:
* ein møteplass på nettet - del bilete, videoar og hald kontakt med vener og familie på nettet.
* ei presentasjonsside - du kan vise kven du er, laste opp din eigen musikk, eigen-PR. Brukt av mange musikarar og band.
* ein nettstad som har mange av dei same funksjonane som t.d Facebook, men som kanskje i større grad rettar seg mot folk som ynskjer å vise andre kva dei kan.
* kan samanliknast med å ha si eiga heimeside eller blogg
* gratis
"Wimp er en streamingtjeneste og digital jukeboks som gir deg tilgang til enorme mengder musikk - alt fra punk og metal til soul og jazz - alt fra gamle klassikere til siste nytt. Det eneste du trenger å gjøre for å kunne spille av så mange låter du vil fra hele vårt musikkbibliotek, er å installere Wimp. Du trenger ikke tenke på hverken nedlasting eller lagring.(Sitat henta frå nettsida til Wimp)
Hvis du i tillegg ønsker å ta med deg musikk på din MP3-spiller eller mobiltelefon kan du enkelt kjøpe musikk som MP3 filer for nedlasting direkte fra Wimp."
Som med Spotify treng ein å bli invitert for å kunne bruke Wimp. Ordet Wimp står for Wireless Music Player = trådlaus musikkavspelar. Eg trur Spotify og Wimp er veldig like tenester.
LastFM er ei teneste som let deg lytte til musikk i 30 sekund, for å høyre meir må ein betale. Tidlegare var dette gratis, men grunna nye reglar for betaling av royalties til artistane så forsvann denne tenesta. Pandora var også populært før, men er no berre tilgjengeleg for dei som er busette i USA.
Ein kan opprette ein prøvekonto på LastFM, der ein får spele av 30 songar før ein må betale. Eg brukar Spotify og meiner det er tilstrekkeleg, derfor lastar eg ikkje ned LastFM i denne omgang.
Felles for alle desse tenestene er at ein i staden for å laste ned musikken til sin PC heller streamar musikken direkte frå nettet. Då tek ikkje musikken opp plass på harddisken, alt er webbasert.
Anser meg som ferdig med Ting 10.
(logo henta frå Spotify si nettside)
(bilete henta frå MySpace si heimeside)
Du kan trygt si deg ferdig med Ting 10 - solid og godt arbeid!!!
SvarSlettHilde :-)