11. jan. 2010

Ting 8



Ting 8 handlar om Podkasting - lytt på internett og finn dine favorittprogram!
Podkast =
- ikkjemusikalske opptak eller videoopptak
- publisert på internett
- levert med RRS, sendt direkte til brukar som datafiler

Redaktører av New Oxford American Dictionary anerkjente "podkasting" som "årets ord 2005", og definerte begrepet som: "a digital recording of a radio broadcast or similar program, made available on the Internet for downloading to a personal audio player". 

(Utdrag frå kurssida til 23 ting om 2 null)

For å høyre ein podkast treng ein ikkje anna enn ein pc med høgtalarar eller hovudtelefonar. Eventuelt kan ein laste podkasten ned til iPod eller mp3-spelar.

Wikipedia kan ein lese meir om kva podkast er.
Kort fortalt står der at ein kan abonnere på podkastar, og mellom anna bruke programma Juice, iTunes og winamp til det.
For å høyre ein podkast kan ein altså bruke program som er på PC'en eller som ein kan laste ned på PC'en. Til dømes iTunes og Windows Media Player.
Men det er høve til å høyre podkast utan desse programma installert også, på desse oversiktene finn du det:

Podcaster
Podcast Alley

Utforsking av podkast er interessant. Eg brukte google og søkte på "podkast om bøker". Det kom eindel treff, det eg fann mest interessant var NRK sine bokprogram. Eg valde å abonnere på NRK1 - Bokprogrammet, og la den til i min bloglineskonto ved å gå inn på blogline, trykke på "add"-knappen og lime inn URL'en for podkasten.
Podkast er for meg ein måte å få høyrt radioprogram på når eg har tid til det. I biblioteksamaheng trur eg nok det hadde vore kjekt å lage podkastar med bokomtalar eller opptak frå arrangement på biblioteket. Men realistisk sett så trur eg det er for tidkrevjande for mange bibliotek å prioritere det. Ein kunne kanskje heller invitere t.d. mediastudentar til å lage podkastar om biblioteket, vere tilstades på arrangement osv... Men kor det kunne ha blitt publisert for å ha nokon verdi veit eg ikkje. Berre tankespinn.

Tenkjer på at podkastar på ein mp3-spelar eller iPod kan vere kjekt å ha med på ferieturar med barn, i tillegg til lydbøker og anna underhaldning? Sjekk desse barnesidene om du vil sjå eit døme på kva NRK kan tilby av podkastar til barn.


(illustrasjon henta frå NRK)

1 kommentar:

  1. Eg synest at eit samarbeid om t.d. bokpratar på podkast må vere ein god ide! Dei fleste med litt fartstid i bibliotek har minst ein (gjerne fleire!) bokprat(ar) som ein kan friske opp - og vips så er vi i gang. Sjølve innlesinga er ikkje noko hokus pokus. Podkastane kan samlast på nettsida til Fylkesbiblioteket, og så kan folkebiblioteka legge ei lenke til samlinga på sine nettsider. Dette må vi sjå nærare på...

    Så var Ting 8 på plass!

    Hilde :-)

    SvarSlett