I tillegg til facebook er der m.a. Twitter og MySpace. Felles for desse nettstadane er at dei er brukarstyrte vennestadar som ved brukarane sin aktivitet veks og utviklar seg. Dette er sosiale tenester for nettverksskaping, og ein bestemmer sjølv kven ein vil ha som "venn" i nettverket sitt. Ein kan også sjå kven vennane sine vennar er... Tenestene krev at ein har ein personleg profil, og ein kan laste opp bilete og gi informasjon om seg sjølv etter eige ynskje. I tillegg kan ein gjere ting som å lage seg ein blogg, laste opp musikk og film.
Twitter betyr fuglekvitter... :-)
Illustrasjonen fann eg her.
Av desse tre nettstadane som eg har nemnt er det visstnok MySpace som er mest populært. Eg har kika litt på det, men vil ikkje verte brukar av denne tenesta no. Twitter vil eg teste, så eg har meldt meg inn med epostadressa jannesang(a)gmail.com om nokon har lyst å søke meg opp og få meg på kontaktlista si. Ikkje mange av mine kontakter var der frå før av, men nokre fann eg!
Eg har lest om personvern, og må seie at det er ikkje slett alt eg har tenkt over av dette før. Men eg er rimeleg trygg på at eg likevel har brukt sunn fornuft på nettet. Ein ting eg merka meg med spesielt har eg ikkje visst om frå før av, at om ein sender invitasjonar til f.eks facebook til andre via epost så vert deira epostadresse lagra av nettstaden dei er inviterte til å bli brukar av. Skal tru om dette også gjeld for alle slags nettkonkurranser der ein får fleire vinnarsjanser dersom ein får vennane sine til å bli med også? Skal tru om så dette genererar meir spam?
Underskog er ein norsk nettstad med oversikt på kva som skjer av uteliv, oppdatert av brukarane sjølv.
Utforskingsoppgåva vår for Ting 6 er å opprette profil på facebook. Eg har det frå før av, med mange vener og opplasta profilbilete. No har eg i tillegg meldt meg inn i gruppa 23 ting om 2 null og posta eit innlegg der.
Eg har og ei privat gruppe eg har oppretta sjølv i facebook.
Og med det er eg no ferdig med Ting 6.



