En mashup er en nettside eller webapplikasjon som kombinerer innhold fra to eller flere kilder til en ny tjeneste. (Henta frå kurssida til 23 ting)Det står eindel info (på engelsk) om mashups på wikipedia.
På nettsida Mashups awards kåra dei tidlegare den beste mashup kvar dag og kvar månad. Arkivet ligg der, men sjølve kåringa er det slutt på. Men på nettsida Mashup dashboard er det både kåring og nyhende.
Ein mashup eg finn interessant er Guerilla radio. Her kan ein få laga spelelister av artistar ein likar, ein nettradio som er litt lik Spotify. Men, når eg prøvar å søke opp ein artist, eller trykke på "grab a random one here", så virkar det ikkje... Så eg får vente og prøve seinare.
LibraryThingThing er ein mashup som kombinerar Library Thing med biblioteka sine eigne onlinekatalogar. Det kan nok vere nyttig.
Når det gjeld å tenke ut ein mashup som hadde vore nyttig for meg så er eg heilt blank. Dette temaet har ikkje fenga meg, då eg ikkje heilt ser den store nytteverdien for min eigen del.
Eg anser meg som ferdig med Ting 16.
Da er ting 15 og 16 notert, flott jobbet!
SvarSlettSkal sjekke ut det du sier om Guerilla radio, og se om jeg kan finne ut hva som er problemet der.
Mvh
Katrine