Ting 18 handlar om webapplikasjonar - lag og del dine dokument på webben. Eg kjenner litt til dette frå før av, har brukt Google Docs i fleire samanhenger. Eg ser heilt klart fordelar med slike tenester, det gjer det enklare å samarbeide via nett. På biblioteket der eg jobbar har vi mellom anna oppretta eit Google dokument med katalogiseringshjelp, slik at vi kan slå opp der når det er noko vi har gløymt. Dokumentet er stadig i endring, etterkvart som nye tema oppstår.
En stor fordel med slike webbaserte applikasjoner er at de eliminerer problemene rundt ulike software versjoner eller filtyper, ettersom du sender dokumentene med epost eller beveger deg fra PC til PC. En annen fordel er at man veldig enkelt kan jobbe i samme dokumentet (med versjonskontroll) og lagre dokumentene i ulike filformater som HTML og pdf. (Henta frå kurssida)
Zoho Writer har eg aldri sett før. Men det liknar på Google Docs, og har verkar brukarvenleg. Ein kan logge seg inn med m.a. Google-kontoen sin, og det ser eg på som praktisk - med tanke på å sleppe å ha så mange forskjellige brukarnamn/kontoar rundt om kring på nettet. Når ein loggar seg inn i Zoho Writer kjem ein til ei side som liknar mykje på eit Word-dokument. I dokumentet som syner er det brukarrettleiing. (På engelsk)
Oppgåva til denne "tingen" var å lage eit dokument i Zoho Writer, og så poste det som blogginnlegg. Dette innlegget er posta ifrå Zoho Writer, og det var i grunnen enkelt.

Veldig bra:)
SvarSlettJeg noterer ting 17 og 18 og legger til at jeg syns du svarer godt på innleggene dine.
Nå nærmer du deg slutten!
mvh
Katrine S