19. apr. 2010

Ting 15

Ting 15 har eg sett fram til, det skal i denne omgang handle om leik med bilete. Eg likar veldig godt Picnic som tidlegare er omtalt.

BigHugeLabs er ei spennande nettside, og veldig artig å utforske!
Eg laga eit bilete der, meg sjølv i popartstil.



Ein kan lage postkort, plakatar eller personlege puslespel. Mange andre spennande funksjonar er der også. Det eksisterar fleire tenester som denne, og fellesnamn for dei er bildegeneratorar. Ein kan få kjøpt og tilsendt mellom anna koppar, kalenderar, magnetar, musematter og kort med eige motiv. Mange julegåveidear med andre ord!

Her er bilete av katten min Mia, før og etter manipulering på BigeHugeLabs...



Og med dette ser eg meg ferdig med ting 15. BigHugeLabs kjem eg til å halde fram med å bruke, spesielt til å lage fine bursdagskort og fotomontasjar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar