Denne "tingen" handlar om eigendefinerte søkemotorar. Rollyo er nettsida for dette, og fungerar slik at du kan søke på eit tema på fleire nettstadar samtidig. Ein stiller inn kvar det skal søkast, og ein kan dele søka sine med andre. Akkurat er Rollyosida nede for vedlikehald, så eg får ikkje sett meir på den.
Ei liknande teneste er Google Custom Search.
Eg har laga min eigen søkemotor som eg no har lagt inn på bloggen min. I min søkemotor kan ein finne tak i kva som skjer i Ørsta og Volda, konsertar og liknande.
Etter å ha kika litt på forskjellige nettsider som tilbyr liknande tenester har eg kome fram til at for min del er det Google som gjeld. Det er enkelt i bruk, og det vert færre "ting" å halde styr på. Google Custom Search trur eg kan fungere bra på heimesida til biblioteket, ein kan til dømes lage temasøk på lokalhistoriske ressursar i kommuna.
Og med det ser eg meg ferdig med ting 13.

Interessant søk - det skjer mykje i Voda, ser eg!
SvarSlettDet er litt ugjerne at eg går med på å "googlifisere" meg heilt, men det er jo berre så mykje betre med "alt på ein plass" - og så er det jo mykje bra...
Ting 13 i boks!
Hilde :-)