Med tagger kan ein sette ein merkelapp på forskjellig på nettet, t.d på bilete i Flickr, eit emneord eller stikkord som seier litt om det som blir merkt. Tagginga er heilt fri, ingen reglar... Ein skriv inn taggar etter assosiasjonar ein har.
Flickr er ein nettstad for bilete. Der kan ein legge inn sine eigne bilete og tagge dei, eller søke opp andre sine foto som er tilgjengelege. Om ein kiker på denne sida på Flickr får ein sjå kva for tags som er populære no. I dag såg eg at tag'en "snø" stod på Hot tags-lista... Eg klikka på det, og etter nokre sider med litt kjedelege døme fann eg dette flotte snøbiletet som Randi Hausken har fotografert:
Interessante bilete kan ein og finne tak i her.
Ein kan danne eller vere med i grupper som deler bilete.
"Groups are a way for people to come together around a common interest, be it a love of small dogs, a passion for food, a recent wedding, or an interest in exploring photographic techniques. And if you can’t find a group which interests you, it’s super-easy to start your own." (Henta frå "The Flickr Tour")
Eg har såvidt vore innom Flickr før, men kan ikkje så mykje om det frå før. Her kan du ta "the Flickr Tour" - lære meir om denne nett-tenesta. Det har eg gjort! I tillegg til det har eg registrert meg i Flickr, ved å opprette ein Yahoo-konto. Det vert eindel kontoar å halde styr på, men eg har eit godt system for lagring av brukarnamn og passord. Eg har lasta opp nokre foto til Flickr.
Her kan ein lese om korleis ein postar foto til bloggen sin.
Noko eg aldri har gjort er å editere mine bilete på nettet. Eg har gjort litt med enkle program på min eigen PC. Picnik er samarbeidspartner med Flickr, og er ein nettstad der ein gratis kan editere bileta sine. Det var jammen artig! Blir nok eindel timar på bruk av denne kjekke tenesta framover! Veldig brukarvenleg.
Her er resultatet av første forsøk:

Og med dette er eg ferdig med Ting 5!
Eit kjekt tema som eg vil ha mykje nytte av framover.


Systematisk og eksemplarisk! Og veldig søt hund! Ting 5 er notert!
SvarSlettHilde :-)